Juletonar

Velkommen til juletonar i tradisjon og ny vri med Sigrid Kjetilsdotter Jore, Kristiansand Frikirkes Kammerkor og Raabygg!

Kor, folkesongar og musikarar formar juletonar frå Agder til ei heilt unik musikkoppleving den fyrste helga i desember!

Kristiansand Frikirkes Kammerkor har fått meister-undervisning av folkesongar Sigrid Kjetilsdotter Jore, og vil saman med ho og felespelarane i Raabygg, framføre ein julekonsert litt utanom det vanlege. 

Det blir ein konsert med melodiar kun frå Agder! Vakre julesongar og julestev, mellom anna ein tone på «Mitt hjerte alltid vanker» som Jon Kleveland har arrangert opp for kor. Andre tonar skal kvedast med solist og kor, og felespelarane Johanne Flottorp og Tuva Færden vil fargeleggja konserten med sine varme tonar. Innimellom kjem Sigrid K Jore til å fortelje om tradisjonar som høyrer med til jula i Setesdal. 

”Aldri før har dette vore gjort på denne måten! Dette blir gama!” meiner Jore etter fleire seminarkveldar med koret.

Mandag 4. des i Vågsbygd kirke kl. 19.00. Billetter selges ved inngangen (voksne kr 200, studenter kr 100, barn gratis)

VELKOMMEN!

Del